Les hans innlegg her:

Kravet har vore der i over 10 år og ca. 27 % av melkebruka har fornya bygningane sine. Dette har skjedd ved at det har vore tilgjengelege melkekvotar som ofte har kome frå distrikta.

Det er snakk om store investeringar som skal til når ein satser på nybygg og det blir bygd på grunnlag av arealer som er i nær omkrets av driftsbygningen.

Dei bruka som står igjen som har båsfjøs i dag, er mange i distrikta og dei er på middels størrelse og mindre. I dag er det 25 års kyr og mindre. Dette utgjer 73 % av antall melkebruk og 50 % av den totale produksjonen.

Her er det driftsgrunnlaget som ofte stopper ei større utbygging, då det ofte ikkje er tilgang på leigejord eller jord til salg. Store avstander mellom jordstykkene gjer det lite rasjonelt i forhold til transport m.m.

Mange av bruka driv ein kombinasjon av melk og sau, noko som passer godt ilag og gjer ei maksimal utnytting av areala.

Å endra produksjonen i distrikta frå melk til sau og ammeku, vil vera ein feil utvikling. Det er dette Høgre og FRP med Listhaug vil gjennomføra.

Forslaget til Sogn og Fjordane m. fl. om å få på plass ein ny investeringspakke må få brei støtte av årsmøtet etter mitt skjønn. Det er gode investeringspakkar som trengs for å få distriktsmelka med på investeringsbølga. Det motsatte vil enda opp med ei sentralisering av melkeproduksjonen basert på eit større kraftforforbruk og eit diesel og dekk landbruk det norske folk ikkje vil ha. 

Dette er ikkje ei bærekraftig utvikling og vil setta mykje av den norske landbruksmodellen i spel.

Dette handler om framtida først og fremst for små og mellomstore melkebruk.

Vil Norges Bondelag forsatt ha desse med i framtida og dermed oppretthalda eit aktivt landbruk i HEILE LANDET?