2016 var det året Norges Bondelag nådde 63 090 medlemmer, 6 567 av dei er i Rogaland. Det er det høgaste medlemstalet på mange år og Byrkjedal hadde ei klar oppfordring til dei rundt 100 tillitsvalde som har benka seg for årsmøte.

-    Bruk talarstolen. Det er gjennom meiningsbryting og gode diskusjonar verdiar blir skapte, sa han.

2,7 milliardar

Verdiskapinga i landbruket i Rogaland var i 2014, som er de inyaste tilgjengelege tala, på heile 2,7 milliardar kroner. Klepp, Time og Hå står aleine for ein milliard av denne verdiskapinga.
I tillegg til desse 2,7 milliardane kjem verdiskapinga frå industrien som er avhengig av landbruket i Rogaland. Denne er nesten like stor -  2,5 milliardar kroner.


-    Landbruket står også sterk i typiske distriktskommunar som Suldal, Vindafjord og Bjerkreim. Det er viktig at det vert ført ein landbrukspolitikk som gir både jærbonden og bonden på ein fjell- eller fjordgard i andre regionar moglegheit til å utvikla seg, sa Byrkjedal frå talarstolen.
Landbruket har om lag 6400 årsverk direkte i jordbruket, i tillegg til 4800 sysselsette i fôr og næringsmiddelindustrien.

Jordvern
Byrkjedal trekte også fram jordvern som eit stadig tilbakevndande og viktig tema. Forsking ha rvist at det tek naturen 2000 år å laga 10 cm god matjord. Stortinget vedtok i slutten av 2015 eit nytt nasjonalt jordvernmål. Målet er at det i heile landet maksimalt kan omdisponerast 4000 dekar årleg innan år 2020.
-    Rogaland er det fylket som absolutt omdisponerer mest dyrka jord til utbyggingsføremål. 12 000 dekar har blitt omdisponert dei siste 10 åra og om lag 78 % av omdisponeringa har skjedd i jærkommunane, sa Byrkjedal.
 Han er særleg bekymra for alle store samferdselsprosjekta som er planlagde i fylket.


-    Kor er vernet av dyrka og dyrkbar jord til matproduksjon for generasjonane som kjem etter oss? Nå forventar eg at kommunar og andre interessentar skal uttala seg. Norge, verdas rikaste land, må kunna ta seg råd til å velja ein trase for veg og bane som skånar prima jordruksjord, sjølv om desse alternativa skulle bli dyrare, meiner Byrkjedal.

Han var også oppteken av mjølkekvoteprisar. Mjølkekvotar vil også bli debattert seinare på årsmøte.
Også korn, kraftfôr og pelsdyr var på agendaen i opningstalen.
-    Pelsdyrhald er ei god distriktsnæring, det er difor viktig at det vert arbeid med å gjeninnføra fraktstøtta til pelsdyrfor slik at oppdrettarane får lik kostnad for foret. Som kjent, vart denne fjerna ved jordbruksavtalen i 2015.

Plast

Eit viktig tema dei siste vekene har vore plast, etter at det vart funne heile 30 heile plastposar i ein stranda kval på Sotra. Det er også funne store mengder plast i kyr. Byrkjedal oppmodar lokallaga til å gjera ein ekstra dugnad for å få på plass gode resirkuleringsordningar for landbruksplast.
-    Lever all landbruksplast til resirkulering, var klar tale frå talarstolen.