Det har vore korte men intense forhandlingar i Oslo, men ein kom i mål innan fristen.  Ein amputert utgåve av jordbruksforhandlingane er dermed i hamn.

  • Det har vore ein spesiell vår for oss alle, seier Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag. Men trass alt, her i Rogaland har bøndene stått på og det meste av vårvinna er gått som normalt. Gartnarane og dei som har utanlandsk arbeidskraft er kanskje dei som har følt mest på usikkerheita som har prega landet. Men, dei og alle andre, har krumma nakken og gjort det dei er best på, driva med jordbruk.

Korleis har den korte forhandlingstida prega forhandlingane?

  • Det har sjølvsagt låge som eit bakteppe. Når me no har avslutta forhandlingane og inngått avtale ser me at me ikkje klarer å oppfylle Stortinget sitt inntekstmål for næringa. Dermed kan me allereie sei no at me går inn mot dei vanlege forhandlingane i 2021 med høge forventingar om å verte kompensert for arbeidet vårt på ein skikkeleg måte.

Kva vil du seie slår best ut for Rogaland i avtalen som no er inngått?

  • Me har endeleg fått gjennomslag om ein auka målpris på gris, noko som me har kjempa for lenge. Det er ingen tvil om at trykket frå svinebøndene i Rogaland har vore stort, og det er kjekt å sjå at engasjement skapar resultat. Kraftforprisen skal heller ikkje auke som ein del av avtalen. Eg er også nøgd med at tilskotet til avløysar er auka, noko som bidreg til ein auka sikkerheit for bonden. Det er og med på å gi arbeid i ei tid der Noreg treng arbeidsplassar.

Korleis har Corona-epidemien prega forhandlingane?

  • Den har mellom anna ført til den avgrensinga av innhald som me har sett, i tillegg til ein har hatt meir forhandlingar via skjerm. Men, me er jo midt i denne pandemien no, og det er ikkje mogleg å sei kor lenge den vil vare eller korleis den vil utvikle seg. Me har no forhandla på midlane for 2021 men me veit ikkje korleis ting vil utvikle seg. Det er difor viktig for oss i Rogaland Bondelag om å overvake situasjonen og vere aktive i debatten. Me kjem til å vere ein sterk pådrivar for ein tiltakspakke når pandemien er meir stabil og ein får meir oversikt.

Kva vil du sei til dei som er bekymra for dei auka kostnadane som mange bønder no opplever?

  • Det er mange som har fått auka kostnadar som følgje av Corona, her skal me vere tydelege på at det ikkje er bonden som aleine som må ta kostnadane. Me er ein del av den nasjonale dugnaden, men som i all dugnad oppstår det beste resultatet når alle er med. Det vil sei at me forventar at myndigheitene kjem med gode løysningar så snart situasjonen er meir stabil.

Fleire detaljer om årets jordbruksforhandlingar finn du her