Jone Wiig får årets bygdeutviklingspris i Rogaland av Innovasjon Norge

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Jone Wiig får årets bygdeutviklingspris i Rogaland.
Jone Wiig får årets bygdeutviklingspris i Rogaland.

Jone Wiig Garnteri AS valde å fokusera på det ekte, ærlege og skitne. Det har løna seg.

- Jøss, fortener eg det?

Det var fyrste reaksjonen til prisvinnar Jone Wiig, grønsaksbonde på Vik i Klepp kommune.

Onsdag 8. november fekk han Bygdutviklingsprisen i Rogaland. Prisen vart delt ut under Greater Stavanger sin årskonferanse.

- Stadfesting av at me gjer noko rett

- Eg har høyrt om prisen og sett han bli delt ut, men aldri tenkt at det skulle vera noko for meg.

Jone Wiig, eigar og dagleg leiar av Jone Wiig Gartneri AS sit avslappa på kontoret. Få meter vekke går agurkpakkemaskinen for fullt. Det er agurk det går aller mest i, men det er dei «sjitne» gulrøtene som har blitt lagt merke til av innovasjon Norge. Eit godt gjennomtenkt produkt, godt marknadsført og fullført, i tillegg til ein stødig og berekraftig økonomi er noko av bakgrunnen for prisen.

- Det er jo ei stadfesting av at me gjer noko rett, seier grønsaksbonden.

Ein fylkesvinnar får nasjonal pris

Innovasjon Norge Rogaland og Fylkesmannens landbruksavdeling deler kvart år ut BU-prisen til personar i fylket som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling innan landbruket, både innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar. Fylkesvinnaren får eit diplom og 50 000 kroner i premie. Fylkesvinnaren er også med i den nasjonale BU-prisen som blir delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2018. Der kan vedkomande vinna 250.000 kroner.

Dette er juryen si grunngjeving for å gi prisen i Rogaland til Jone Wiig:

«Jone Wiig er en driver i gartnermiljøet i Rogaland og han jobber utrettelig med ulike deler av miljøet (forskere/ produsenter/kokker/gartnere mfl) for å sikre at de hele tiden strekker seg etter nye mål. Han søker nye veier for å både oppnå biologisk og økonomisk bærekraftig produksjon og er opptatt av produktutvikling. Ellers er Jone en raus person og han og hans team deler på erfaringer og inviterer inn andre for å formidle hva og hvordan de tenker, slik at andre drar nytte av deres kunnskap. Jone har også bidratt til profilering av «Matfylket Rogaland» og han bidrar med innspill og refleksjoner overfor det offentlige i utviklinga av den regionale næringsstrategien. Etter vårt syn Jone Wiig gartneri en meget verdig vinner av BU-pris 2017 og en fantastisk representant for norsk landbruk i nasjonal sammenheng.»

Fyrste drivhus som 23-åring

Bonden på Vik seier sjølv at han meir eller mindre vaks opp i ei gulrotkasse. Etter gartnarskulen i 1997, bygde han sitt fyrste drivhus. Då var han 23 år. Etter kvart kom Tone Lise og med i drifta. Og dei siste åra har dei drive frilandsproduksjon saman med foreldra. Men i år har dei overtatt alt, både eigedom og jord, så nå er faren hjelpar og dreng.

- Eg har alltid tykt det har vore spanande med planter. Det der å så noko som det blir noko av, det har eg alltid likt, seier han.

Kvifor det vart satsa tungt på veksthus på akkurat hans heimegard på Vik, meiner han har mykje med naboane å gjera.

- Det har blitt eit miljø her. Ein kan alltid snakka med naboane. Me har gjort kvarandre gode, seier Jone. Han vil også trekkja fram eit godt samarbeid i heimen som ein av grunnane til at alt går rundt.

- Det blir ein livsstil. Det er godt me ikkje går på timeløn. Det hadde ikkje vore rare timelønna. Me må arbeida når det er arbeid og slappa av når me kan det, slår bonden fast og sender nokre takksame tankar til støttande og hjelpsam familie som stiller opp når det trengst. Kona er med i drifta, men tek også nokre ekstravakter som sjukepleiar. Dei to har fire jenter på 12, 14, 16 og 17 år.

Men det trengst meir enn familie. Jone trekkjer også fram Coop, som ein av grunnane til gulrotsuksessen på Vik.

- Me hadde aldri fått det til utan at dei hadde vore villige til å satsa på det, slår han fast.

Måltidspris

Det var ikkje sjølvsagt at det skulle vera skitne gulrøter frå Vik i butikkhyllene. Noko som var heilt vanleg for ein del år sidan, var plutseleg ikkje så populært lenger.

- Far min hadde alltid levert uvaska gulrøter, men me såg at me måtte gjera noko. Forbrukaren har endra seg. Alt skal gå fort og ein vil gjerne ikkje ha mold på kjøkkenet, men me bestemte oss for å prøva med desse posane.

Jone nikkar mot ein kasse med gulrøter i posar. Posane er brune med eit vindauge i plast. På posen står blant anna «Sjitne gulerøde. Ekstra goe kvalitet».

Produktet vann pris under Det norske måltid 2015 og fekk innovasjonsmidler til vidareutvikling.

- Det ekte og ærlege

Nytt bygg og nytt gulrotpakkeri kom på plass heime på Vik, med støtte av innovasjonsmilder. Jone valde også å ha endå meir fokus på kvalitet og smak og har funne fram til den gulrottypen han sjølv meiner smakar best, blant anna ved hjelp av Randi Seljeåsen, som har doktorgrad i gulrotsmak. Dei har også hatt prosjekt med smakstest av gulrot, med støttte av VRI midler. Dette var eit prosjekt saman med Randi Seljeåsen i Nibio, og Aase Vorre Skuland i Nofima

- Ei gulrot som smakar best, er ei som sprikk lett. Dei er søtast, forklarer Jone.

Før trudde folk at ei gulrot var ei gulrot, men som med dei fleste andre produkta ein finn i grønsaksdisken, finst det også mange sortar gulrøter.

- Me som produsentar har nok generelt hatt for mykje fokus på volum, volum, volum. Det heng ikkje alltid i saman med god smak. Eg trur òg at forbrukarane i dag verdset det ekte og ærlege. Det er det me har sett fokus på, seier Jone Wiig, og legg til at det også er noko av grunnen til at dei vel å bruka den jærske dialekta på gulrotposane.

- Det seier noko om kven me er, meiner han.

Gulrøter i sandjord

Trass lite opphaldsver har avlingane på Vik ikkje vore så verst i år.

- Det er gullgjevt med sandjord slike år med så mykje nedbør, men det er klart det hjelper lite når grunnvatnet stig, seier grønsaksbonden med eit oppgitt smil.

Nokre gulrøter har drukna, men mesteparten har fått koma opp av jorda.

Vart forsøkt lurt

8. november fekk altså Jone Wiig Bygdeutviklingsprisen 2017 for Rogaland av Innovasjon Norge. Vanlegvis har kandidatane nominert seg sjølv. Det var ikkje tilfelle i år. Juryen valde å foreslå eigne kandidatar. Ein av dei var Jone Wiig og det var han som til slutt vart ståande som den beste kandidaten for juryen.

For å gjera det heile ekstra spanande ønskte Innovasjon Norge å overraska den uvitande prisvinnaren. Han vart invitert til arrangementet i regi av Greater Stavanger 8. november for å halda eit innlegg. Men så lett var det ikkje. Jone takka nemleg nei.

- Eg hadde rett og slett ikkje lyst, seier han med eit smil.

Men nå måtte han likevel opp på scenen.

 

Distriktsmøtene våren 2013

Det var godt oppmøte og godt engasjement på distriktsmøtene i januar. På programmet stod valget 2013 og jordbruksforhandlingene 2013, samt aktuelle saker fra lokallagene.

Kurs i kommunikasjon og mediehåndtering. 27. februar 2013 på Måltidets Hus

Det er viktig for næringa å stå samlet med et felles og lett forståelig budskap utad. Det er avgjørende for næringens fremtid at politikere, beslutningstakere og forbrukere ser viktigheten av primærnæringa. Dette gjøres ved å ha felles, enkle og tydelige budskap som synliggjøres i media. Infoutvalget i Rogaland Bondelag inviterer med dette til kurs i kommunikasjon, presentasjonsteknikk og mediehåndtering for tillitsvalgte i landbrukets organisasjoner.

Valgkampduell

Over 300 personer møtte opp på det landbrukspolitiske- møte på Varhaug mandag 28. januar. Det var godt engasjement og oppmøte. De lokale bondelagene i Hå arrangerer et slikt møte 7. året på rad sammen med SR- bank.

Landbrukskonferansen 2013

Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og KS Rogaland inviterer til Landbrukskonferansen 2013. Konferansen blir arrangert på Quality Hotel Residence i Sandnes 5.-6. mars. Tirsdag 5. mars er det landbrukspolitisk konferanse og onsdag 6. mars er det fagsamling for landbruksforvaltninga.

Landbruksmøte på Varhaug 28. januar

Rødgrønt eller blått, hva betyr det for landbruket i Rogaland? Bondelaga i Hå og Sparebank 1, SR- bank inviterer til landbruksmøte i Varhaug idrettshall mandag 28. januar klokken 19:00. Det blir innlegg ved landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum, og næringspolitisk talsmann i Høyre, Svein Flåtten. Det blir god tid til debatt og spørsmål, og det vil være en enkel servering.

Mat og landbruk 2013

Landbrukssamvirkets årlige konferanse/ temakonferansen ble avholdt på Scandic Vulkan ved Mathallen i Oslo 16.- 17. januar. Siri Lill Mannes var konferansier og av andre foredargsholdere kan man blandt annet nevne Sveinung Svebestad styreleder i Norsk Landbrukssamvirke og landbruks og matministeren Trygve Slagvold Vedum som ønsket velkommen til konferansen.

VELLYKKA AVLØYSARKURS

Det vart nyleg arrangert avløysarkurs på Landbruksenteret på Helleland. Etter initiativ frå Mjølkeprosjektet i Dalane samarbeidde dei 3 avløysarlaga i Dalane om å arrangere kurset. Eigersund avløysarlag var kursleiar. Kurset gjekk over 3 kveldar. Fagfolk underviste i fôring, mjølking, dyrehelse og HMS. Før deltakarane får kursbevis må dei også dokumentere gjennomført praksis frå fjosstell på gard. Det var 21 deltakarar, og ei god blanding av både erfarne og ferske avløysarar frå alle dei 4 Dalanekommunane. Tilbakemeldingane på kursopplegget var gode.

GOD JUL!

Rogaland Bondelag ønsker alle sine medlemmer en riktig god jul og et godt nytt år!!

Våre samarbeidspartnere