Det skulle sjølvsagt vore markert med korpsmusikk, glitter og stas på årsmøtet vårt i Haugesund. Men, når stoa er som den er, vert det ein virtuell markering og ein smittefri overrekking av det synlege beviset på at Bjoa Bondelag har vunne årets lokallag.

Som ein del av grunngjevinga for at Bjoa vert årets lokkallag, vil styreleiar, Marit Epletveit,  mellom anna trekkje fram:

  • Eit godt humør. Når ein har truffe på utsendingar frå Bjoa har dei smilt
  • Dei tillitsvalte har stilt opp på arrangementa som me arrangerer. På møter og samlingar har dei stilt opp og vore aktive bidragsytarar til gode samankomstar
  • Synlege i lokalsamfunnet. Dei har mellom anna vore med på 4H sin hausttakkefest, hatt besøk av barnehagar, møtt nye politikarar og administrasjon og pleia eigne medlemmer.

Me er berrika med mange gode lokallag i Rogaland. La dykk inspirera av Bjoa, kanskje er det dykkars lokallag som tek sigeren i 2020.