Jærbonden tener mindre enn andre bønder i Rogaland
Dette kjem fram i ein rapport som NIBIO la fram i dag. Inntekta til bøndene på Jæren låg mest 30 000 under kva ein fekk i resten av Rogaland. Rapporten forklarar tala med mellom anna vanskelege fôrår i 2017 og 2018.
Organisasjonsleiar i Rogaland, Irene Tjøstheim, seier at den reduserte inntekstutviklinga er noko Rogaland Bondelag følgjer tett.
- To krevjande år sett sine spor. Dei fleste som driv innan landbruk er avhengig av været, og det det har vore vanskelege å få gjort rett arbeid til rett tid. Dette har medlemmene våre fått merka, både gjennom dårlegare kvalitet på foret og auka kostnadar.
Heile rapporten til NIBO ligg på nett, og kan lesast her.