Fleire viktige samlingar går av stabelen i januar. Først ut var Det Norske Måltid, der dei beste mat og drikke-produkta blei kåra. Rogaland stakk av med heile tri sigrar i åtte kategoriar! Me vil gratulere til Strand Gard, for sitt svinekjøt av mangalitsasvin, til Mikals Laks med sin Absolut Tradisjon røykelaks, og Midsummer Hotsauce for sin Hot Salt. Heider går og til finalistane Brimse Gard, Idsøe og Domstein Sjømat avd. Stavanger.

Det Norske måltid gjekk parallelt med ASKO Servering Norgescup, som er NM i kokk, servitør og resepsjon på lærlingnivå. Slike konkurransar er viktige for å heve omdømme til dei som skal førebu og selje produkta våre, og motivere ungdom til å ta matfaget vidare. Me vil gratulere Fisketorget i Stavanger for sitt lærlinggull i NM, og ynskje lærlingane lukke til i Nordisk mestersskap i Oslo!

Alle vinnarane og finalistane frå Rogaland i både Det Norske Måltid og ASKO Norgescup er frå Ryfylke-kommunane Hjelmeland, Strand og Stavanger – er det noko ekstra godt i ryfylkevatnet tru?

Solamøtet går av stabelen kvart år, og er nettopp kome i gang. Dette er fylkets viktigaste næringspolitiske samling, det leiarar i næringsliv, politikk, forvaltning og forsking møtast. Årets tema er korleis me skal hanskast med blant anna auka globale spenningar, polarisering og klimaendringar.