Dag 1:  Laurdag 29. november. Kl 1000-1700

Sted: Høiland Gardshotell, Årdal i Ryfylke.

Dag 2: Tid: Søndag 30. november. Kl 1000-1700

Sted: Bens Kafé, Helleland.

 

Det inviterast til fagdag med tema jakt på store rovdyr, jerv, gaupe, ulv og bjørn. Fagdagen blir haldt både i Årdal og på Helleland.

Det er eit mål at jakta på dei store rovdyra skal vera effektiv og velorganisert.  Vi set, saman med Rogaland Bondelag, fokus på tematikken med å invitere til fagdag.

Vi har fått med Dagh Bakka, som har brei erfaring frå jakt på store rovdyr både i Noreg og i utlandet. Dagh jobbar på Skogkurs og driv med kursutvikling innan utmarksfaga.  I løpet av dagen skal vi innom:

  • Rovdyra ulike arter ulike særpreg
  • Jaktteknikk og organisering av jaktområde for ulike rovviltarter
  • Jaktleiing ved jakt på store rovdyr.
  • Regelverk, kva er lov og kva er ikkje?
  • Lisensjakt og kvotejakt – kva er det og kva betyr det?
  • Ettersøk på dyr som kan ta igjen!
  • Sikkerheit ved store lagsjaktar

Jakta på store rovdyr er vanskelig, og det stiller store krav til gjennomføringa for at ein skal lukkast. Jakta er i tillegg ei jakt som har som utgangspunkt og mål å redusere skade på bufe. Oppgåva til jegerane er slik sett ganske annleis enn jakt på andre artar. Jakta er også fylt med til dels stor oppmerksomhet frå samfunnet elles via mediadekning.

Dette i seg sjølv stiller større krav til bevisstgjering for den enkelte deltakar enn ein kanskje opplever i samband med annan jakt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Rogaland Bondelag og Rogaland Sau og Geit . Samarbeidet har til siktemål å kunne gjere lisens- og kvotejakta meir målretta, effektiv og sikker.

Det blir servert enkel lunsj. Vi ønskjer alle velkommen!

Påmelding innan måndag 24.11.14 til Are Hauge Braaten på tlf. 98664231 eller epost are.h.braaten@bondelaget.no.

 

Med helsing,

Rogaland Bondelag og Rogaland Sau og Geit.