Inspirerande samling for leiarane i Rogaland Bondelag

Av Oddvar Vignes,
  • Tips en venn om denne siden

Både nye og gamle leiarar var i helga samla til to dagars seminar på Scandic Forus.

Det var godt oppmøte då Rogaland Bondelag hadde leiarsamling i helga. Det er nyttig, både for nye og meir rutinerte leiarar å få ny kunnskap og få snakka saman. Me var så heldige at me fekk med oss 1.nestleiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming begge dagane. Saman med andre foredragshaldarar fekk ein snakka om fleire saker som er viktigte for Bondelaget framover. På slutten av dagen vart det verving i salen, der alle som var med på kurs tok telefonen fatt og prøvde seg på verving. Det ga fort resultater og Rogaland Bondelag kan noterer seg ein god medlemsvekst i November månad. Me trur leiararene returnerte til lokallaga med ny kunnskap og pågangsmot og ein klar halding om å stå på for rogalandsbonden framover.

"Jakta på den Grøne diamant" er ein næringspolitisk konferanse på Clarion Hotel i Stavanger, 19. mars 2018.

Bli med på jakta på den grøne diamant

Akkurat som diamanten må landbruksnæringa fram i lyset og foredlast for å glitra! 19. mars er det duka for stor, landbrukspolitisk konferanse på Clarion Hotel i Stavanger.

ekstrarettsprotokoll

Arkivjakt etter gjerdeplikt

Kjell Andreas Heskestad og Are Hauge Braaten tok turen til Statsarkivet i Stavanger, på jakt etter gamle dokumentar om gjerdeplikt langs jernbanen.

Våre samarbeidspartnere