Inspirerande samling for leiarane i Rogaland Bondelag

Av Oddvar Vignes,
  • Tips en venn om denne siden

Både nye og gamle leiarar var i helga samla til to dagars seminar på Scandic Forus.

Det var godt oppmøte då Rogaland Bondelag hadde leiarsamling i helga. Det er nyttig, både for nye og meir rutinerte leiarar å få ny kunnskap og få snakka saman. Me var så heldige at me fekk med oss 1.nestleiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming begge dagane. Saman med andre foredragshaldarar fekk ein snakka om fleire saker som er viktigte for Bondelaget framover. På slutten av dagen vart det verving i salen, der alle som var med på kurs tok telefonen fatt og prøvde seg på verving. Det ga fort resultater og Rogaland Bondelag kan noterer seg ein god medlemsvekst i November månad. Me trur leiararene returnerte til lokallaga med ny kunnskap og pågangsmot og ein klar halding om å stå på for rogalandsbonden framover.

ungdomskandidatar

Om pølser og ungdomspolitikarar

Torsdag 15. august tok me ungdomskandidatane til fylkestinget på ein jordbrukstur der me synte fram gardsdrift, slakt og pølsemakeri. Ingen av delane gav avsmak.

Mange møtte for pelsdyrhald

Det var eit godt oppmøte på Havtun gard på Byberg då Geir Pollestad, leiar i næringskomiteen på Stortinget, kalla inn til markering for pelsdyrhald.

Olaug møtte pelsbøndene

På veg til fjøsopning i Gjesdal ble landbruksminister Olag Bollestad møtt av frustrerte pelsdyrbønder.

Vil du vere vår neste organisasjonssjef?

Vi søker en samfunnsengasjert og positiv organisasjonssjef med interesse for organisasjonens rolle i landbrukspolitikken til vårt fylkeskontor i Rogaland med kontorsted i Stavanger.

Motivert for å jobbe for Rogalandsbonden

Årsmøtet i Rogaland Bondelag ga fornya tillit til Marit Epletveit som fylkesleiar. Ole Martin Eikeland vart valt som ny nestleiar, og fekk fornya tillit som styremedlem.

Våre samarbeidspartnere