I 2019 hadde Norges Bondelag ein nasjonal vervekonkurranse, som Rogaland sjølvsagt vann. Samtidig hadde me ein eigen vervekonkurranse internt i Rogaland. Og det er på høg tid å kåre vinnarlaget. Me skulle ha gjort det på vårt årsmøte i mars men det vart, som alt anna i Norgeg, avlyst.

Laga fekk poengsum, med ulike vektingar for ulike medlemstypar. Laget som vann fekk 34 nye medlemmar, der 10 var aktive bønder. Dette ga 7% vekst i laget. Årets vervelag er Nærbø Bondelag! Dei vinn ein betre middag for styret med følgje, samt heider og ære.

Bjerkreim Bondelag kom på 2. plass og Vikedal på ein knepen 3.plass!