For åttande gong skal "Årets unge bonde" kårast. I fjor stakk Ingve Berntsen frå Hå av med den gjeve tittelen. Han har drive gard sidan han var 17 år og har satsa på den utryddingstruga rasen Vestlandsk Fjordfe.

-Pågangsmot og grûnderskap

Dette sa juryen om fjorårets vinnar:

"Vinnaren av Årets unge bonde viser pågangsmot og gründerskap. Vinnaren har eit klart engasjement for lokalmat og korleis ein skal nytte ressursane på ein god måte. Han er ein person som er oppteken av nyskaping og samfunnsutvikling, og legg ned mykje eigeninnsats på garden. Han er ein særs god representant for næringa, ein modig person og eit inspirerande førebilete."

Vil ha ein framtidsretta bonde

Onsdag 20. september går fristen for å nominera kandidatar til "Årets unge bonde 2017" ut. Kjenner du ein bonde under 35 år som er eit godt førebilete for andre?

I år blir det sett spesielt etter bønder som driv garden på ein innovativ og framtidsretta måte.

Kanskje kjenner du den beste kandidaten! Meld inn ditt forslag her.

Fokus på kvalitetsmat

Sidan 2010 har over 2000 bønder blitt nominerte til den prestisjetunge prisen. I fjor vurderte juryen over 400 kandidatar.

"Årets unge bonde" er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonalds Norge og Felleskjøpet Agri for å auka rekrutteringa til norsk landbruk og setja fokus på produksjonen av norsk kvalitetsmat.