Vêret viste seg frå si betre side og gjestene kom i hopetal til dei to siste arrangementa under paraplyen Åpen gard i Rogaland i haust.

Traktor og dyr

På Øksnevad vidaregåande skule kunne gardsgjestene få sitja på med gråtass, prøva seg på blant anna hesteriding, handmjølking, natursti og spikring. I tillegg var Vitengarden Jærmuseet med med info om sitt biogassprosjekt. Med seg hadde dei også ein quiz som bestod av fem ulike sortar dyreavføring. Kven hadde bæsja kva? Her var det bare å leggja frå seg den fine nasen og granska dei ulike klumpane.

Elevar ved hestelinja på skulen inviterte til riding inni hallen og kjøring utanfor. Aktivitetane var svært populære. Også dyra trekte mange store og små. Alle som ville fekk halda ein kylling, kosa på kalvane, sauene og geitene. Og når ungane trengde å få ut litt ekstra energi, var det bare å hoppa i høyet.

Arrangementet var i regi av bondelaga i Klepp.

Omvisning i fjos på Tjentland

Også Hjelmeland bondelag arrangerte Åpen gård denne sundagen, på Tjentland i Årdal. Aktivitetane var mange. Her var riding, handmjølkekonkurranse, natursti og kuskitbingo. Gjestene kunne også få med gjetarhundoppvisning, omvisning i kufjos med mjølkerobot.

God mat og godt drøs er også sjølvsagt på Åpen gard.

Takk til alle som tok turen.