Smittetala auker, regjeringa har valt å stramme inn, og vi meiner det er rett at vi og tar eit ansvar her.

Distriktsmøta har vore viktige og gode treffpunkt for å bli kjent, utveksle erfaring, og ikkje minst meininger. 

Vi har sjølvsagt og prøvd å komme med nokre hint om kva de som lokallag kan gjere av aktiviteter. Mange har latt seg inspirere av andre lokallag.

Å være tillitsvalt i bondelaget er eit lagspel. Vi er alle viktige, kvar på vår plass. Saman jobbar vi for at rammevilkåra og bonden sin plass i samfunnet skal bli best mogleg.

Eg er glad for at du har sagt ja til å bli med å bidra. Vårt bidrag betyr noko. Meir enn nokon gong tenker eg det er viktig å oppretthalde lokale treffpunkt, så sant smittesituasjonen i området tillèt det.

Det er mange ting som er med å påverke at bonden sin kvardag er god. Og nettopp derfor er ditt bidrag viktig. Enten det består i ein kaffikopp for å lytte, lage sosialt treffpunkt, arrangere kurs for å styrke kompetansen der det er ønskeleg. Vera med å påverke og lære opp politikaren på ulike nivå, svare på høyringar som påverkar oss som bønder. Det vera seg ny kommuneplan, nytt industriområde under planlegging, infrastruktur gjennom landbruksområde, viltforvaltning og andre aktuelle saker.

Vi har òg ein viktig rolle i å skape forståing hos forbrukaren for vårt arbeid. Påpeike at vi bidreg til å sikre matforsyninga i ein krisesituasjon. Det har vi bevist at vi klarer. Vi har og gjennom sommarens rammejakt #komhit fått vist fram mykje fint kulturlandskap. Opparbeida av nettopp bonden.

Som dere ser, er det å være tillitsvalt i bondelaget allsidig. Når alle bidreg på kvar sin plass, blir dette bra. Saman byggjer vi bondelaget til framleis å vera ein sterk organisasjon, som gjer sitt beste for dagens og framtidas bønder.

Tusen takk for at du er med å bidreg. Og har du ting du lurer på eller ønsker å diskutere? Husk at virus ikkje smitter via telefon eller e-post. Det er berre å ta kontakt med oss i fylkesstyret eller kontoret.

 

Stor visuell klem

Marit Epletveit,

Fylkesleiar i Rogaland Bondelag