Dei aller fleste industriland og ei rekke av utviklingsland har eit importvern for å utgjevne forskjellane i kostnader i produksjonen av mat. Vi har kort vekstsesong, lange avstandar og eit generelt høgt løns- og kostnadsnivå. Det vert store utfordringar med kostnadane for norske landbruksvarer i forhold til mange andre land.  Dagens ramevikåra for å nytte norskproduserte råvarer i  norsk matindustri må ikkje svekkast.

Stortinget kan ut frå gjeldane WTO avtale frå 1995 nytte den tollsatsen som gjer best importvern  for norske  produkt.  I Norge importerer vi meir enn 50% av vår mat. Importvernet er med å sikre norsk produksjon av matvarer som vi kan produsera sjølve, som til dømes mjølk, kjøt, egg, korn, potet, og grønt . Det er avtalar med fleire land + EU på større og mindre importkvotar av foredla matvarer som kjem inn til landet vårt, til dømes ost som vi har ei importkvote med EU på 7200 tonn. (10% av vårt årlige forbruk)

 

Sjå uttale frå LO Rogaland, NHO Rogaland og Rogaland Bondelag