Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Kvar veke presenterer Rogaland bondelag ein rogalandsbonde.

- Eg er alltid på. Men lemming er lemming anten ein har 20 eller 600, smiler Guttorm ståande i sauehuset heime på garden. Når bondelaget gjestar garden har 70 sauer lemt og 150 lam har sett dagens lys. For rennesøybonden er dette bare starten. I år har han 600 sauer som skal lemma og ventar 1200 lam.

- Me plar alltid vera tidlege her på øyane. Det har nok med klimaet å gjera. Det fyrste lammet i år kom 20. mars, seier bonden, som sjølv har trødd barneskorne her og tok over garden på 90-talet.

- Me plar alltid vera tidlege her på øyane. Det har nok med klimaet å gjera.

-I dag er det meir vanleg at ungdommane reiser ut og opplever litt før dei kjem heim og tek over. Eg trur det er lurt, seier han, sjølv om han sjølv aldri har angra på valet han tok.

Guttorm Gudmestad på Rennesøy måtte velja mellom å byggja nytt lausdriftsfjos og nytt sauehus. Han valde det siste.

Heildøgnsjobb

Det er allereie godt med lyd i sauehuset. I ein liten garde ved veggen står tre lam, to av dei merkbart mindre enn det tredje.

- Dei er like gamle, men dei to minste var av firlingar, fortel bonden. Vante hender finn ei flaske, tappar i melk og varmar forsiktig opp i varmt vatn.

I trygge armar får lam etter lam lunka melk. Lemminga er heildøgnsjobb og litt til. I denne tida er Guttorm aldri langt vekke. Heldigvis er dei fleira om både jobben og ansvaret. Både kona Bente og gode, innleigde arbeidsfolk er med.  

Godt å ha ein rygg å kvila på.

Valde sauehus

På garden har Guttorm også 150 storfe, av desse er 40 mjølkekyr. Ungdyra står i same hus som sauene.

- Me har framleis eit gammalt båsfjos frå 60-talet. Då me skulle byggja ut for nokre år sidan måtte me velja om me skulle gå for lausdriftsfjos eller sauehus, seier han.

Det vart det siste. Garden har også 150 mål dyrka jord og 500 mål kulturbeite, noko som er ein stor gard på Rennesøy. Grunnen er ein lang historie, som starta då staten for mange år sidan kjøpte opp fire bruk på Rennesøy til ei spesiell satsing. Garden til Guttorm har nemleg vore veterinærinstitutt og vore brukt til forsking på både sjukdom og sauerasar.

- Nabogardane her var gjerne på 20 mål dyrka og 40 mål beite. I dag er det bare eg og ein stor gard til som driv. Det er eigentleg litt toskje. Eg skulle gjerne sett at me var fleire bønder her og skal ikkje vera den som står i vegen viss fleire vil driva jorda sjølv, seier Guttorm, som i dag leiger mykje jord av naboar.

Gardsutsal

I tillegg til den daglege gardsdrifta driv Guttorm og ein nabo Røsslyngen beitelag gardsutsal. Her blir det selt blant anna kjøttdeig, spekepølser, laks, saft og fløyteis.

Gardsutsalet har ope kvar laurdag og trekkjer kundar frå både by og bygd.