- Det var ein skikkeleg gild dag, seier gulrotbonde og innehavar av eitt av Norges største gulrotpakkeri, Laurits Stokkeland.
Torsdag 10. august gjesta NRK sitt sommartog Brusand og sende programmet Sommaråpent direkte frå stasjonsområdet torsdag kveld.

Blant det sjåarane kunne få med seg var blant anna eit lengre intervju med Stokkeland. Han fortalde både om eiga bedrift og om ulike sortar gulrøter.

2500 kaketsykke

På førehand hadde kona Siw Stokkeland og svigerinna Anette Stokkeland baka 12 meter gulrotkake.

- Me delte ut 2500 kakestykke og kaka vart oppeten på tre timar. Me delte også ut 7-8000 gulrøter. Når bygda skal visast fram, må me stilla opp, slår Laurits fast.

Han fortel at det meste som kunne krypa og gå på Brusand stilde opp og hjelpte til då NRK gjorde sitt inntog torsdag.

Over 10.000 personar var nemleg innom den vesle bygda på Jæren og over 1000 bilar trengde parkering.

Synlege bønder

Søre Hå bondelag hadde stand på stasjonsområdet på Brusand og sørgde også for at landbruket og bonden var synleg. Då toget kom inn til stasjonsområdet stod blant anna fleire traktorar stilde opp, pynta med flagg.

Laurits Stokkeland, som også er i styret i Rogaland bondelag, tykkjer slike program som Sommartoget og Sommaråpent er eit godt utstillingsvindauge for landbruket.

- Det er ein veldig fint måte å få vist fram landbruket på og eg trur folk ser at det ikkje hadde vore mykje kjekt i mange bygder om ein ikkje hadde hatt bønder som held landskapet i hevd, seier Stokkeland.