Me veit at me står sterkare saman enn kvar for oss, og ynskjer dermed å ta initiativ til å organisere grunneigarlag slik at dei som vart påverka av Ny E39 kan lettare representera sine interesser. Vegstrekninga er lang og går over fleire kommunar. Dermed tek me initiativ til å etablere fleire lag, eit for kvar kommune. På møtet kan dykk velje eit ein arbeidsgruppe som har som ansvar å etablere grunneigarlaget.

Kvar: Helleland grendehus Når: 29. november kl. 19.30

Det serverast kaffi.

Møteleiar: Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag

Agenda:

19.30: Velkomst ved Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag

19.35 Statens Vegvesens forslag til statleg kommunedelplan - slik den er per no ble sendt til kommunaldepartementet, ved Torun Lynnebakken, planleggingsleder. 

20.15 Grunneigaranes rettigheiter – kva seier jussen? Advokatane Endre Skjørestad og Elisabeth Nygård frå Haver advokatfirma.

21.10 Å få motorveg på tunet - erfaringsutveksling frå vegprosjekt i Agder

21.35 Organisering av grunneigarlag:

  • Kort om organisering av grunneigarlag, ved Are Hauge Braaten, rådgjevar i Rogaland Bondelag
  • Val av arbeidsgrupper, som har ansvar for å starte opp grunneigarlag fram til laga er korrekt konstituert
    • Gjesdal E39 grunneigarlag
    • Bjerkreim E39 grunneigarlag
    • Helleland E39 grunneigarlag
    • Lund E39 grunneigarlag

Arbeidsgruppas formål:

«Arbeidsgruppa kallar inn alle grunneigarane i kommunen som vart påverka av ny E39 til eit konstituerande møte av grunneigarlaget. Arbeidsgruppa sender ut utkast til vedtekter for grunneigarlaget, som behandlast på det konstituerande møtet.»

Grunneigarlagets formål:

Grunneigarlaget inkluderer alle grunneigarar i kommunen som kan bli påverka av utbygginga av ny E39. Grunneigarlaget skal ivareta grunneigaranes og rettshavaranes interesser så vidt gjelder arbeidet med ny E39.

Forslag til medlemmer til arbeidsgruppa kan sendes til are.h.braaten@bondelaget.no Ta

Ta kontakt med Rogaland Bondelag for spørsmål.