Dei kom frå alle kantar av fylket, med alle formar for ansiennitet, verv, produksjon, alder og kjønn. Ikkje så rart, når det var sjølvaste Astrid Solberg, organisasjonssjef i Noregs Bondelaget som sto for det faglege. Sjølv det mest rutinerte fekk med seg noko nytt, saman med ein god drøs rundt kaffi og noko å bite i.

Me vil og gje ein god dose skrøyt til Lars Arne Lien og Magne Økland. Lars har fått balanse i rekneskapen til Bjoa Bondelag sidan 1997, noko me veit lokallaget er taksame for. Han har vore i styret i over tredve år så å seie samanhengande, men er framleis ikkje lei. Magne har over tjue år i lokalalgsstyret, som leiar og nestleiar og kasserar i Sandeid Bondelag.  Det er det beste beviset på at Sandeid og Bjoa er kjekke lag å sitte i styret i.