- Kva er dette? To gutar kikkar på ein stor kasse med grønt i drivhuset.

Ei lita hand tek eit godt tak rundt ein liten bunt grønt og dreg forsiktig. Forundra auge kikkar opp.

- Mamma, det er ei gulrot! Ei bitte, bitte lita!

Jord blir børsta av og gutane knaskar i seg den søte rota og spør fint om dei kan få lov til å ta ei til.

Tomat til informasjon og pynt

I drivhuset kunne gladmatgjestene også sjå tomat- og agurkplanter og smaka på mange ulike urter. Sidan gladmatdrivhuset er langt mindre enn vanlege veksthus, måtte den store tomatplanten frå Finnøy hengja over taket på utsida. Men i grindahuset bugna det av raude tomatar i ulike storleikar, både til informasjon og som pynt.

Bondelaget sin stand var tredelt: Telt, drivhus og grindabygg. Den fargerike standen trekte både journalistar og publikum frå både inn- og utland.

Aller mest populær var mjølkekua. Alle som ville fekk prøva seg på eitt minutt mjølking. Engasjementet var stort frå både store og små. Mange nytta seg også av sjansen til å ta eit stillig bondebilete i fotoveggen vår og dei som ville fekk testa landbrukskunnskapen sin med spørsmål som "Kven er mat- og landbruksminister i Noreg?" og "Kva kommune i Rogaland har flest høner?". Premien var ti kilo Jarlsberg.

 

Rogaland bondelag samarbeidde med Rogaland bygdeungdomslag. Torsdag var det tevlingsdag, der ordførarane frå Kvitsøy, Finnøy, Rennesøy og Stavanger (varaordførar) utfordra to BU-arar i ostetevling frå gladmatscenen. Seinare på ettermiddage hadde BU ei oppvisningstevling frå standen, der to små gjester fekk prøva seg og tilskodarane fekk gode tips til å laga eigne ostefat.

Fyrste gong

Med mjølkekonkurranse, drivhus og haugar med lokalproduserte grønsaker var rogalandsbonden lett å få auge på på torget. Mange trekte på smilebandet av t-skjorter med «skapbonde» og «Eg elskar mat» og kom innom for ein god drøs.

Flinke bønder stod klare til å informera om landbruket og standen vart ein stor suksess! I løpet av dei fire dagane festivalen varte, var fleire tusen innom.

Enkeltprodusentar har vore på Gladmatfestivalen før, men i år var fyrste året Rogaland bondelag hadde stand.

Takk til alle som deltok på standen og alle som var innom og helste på!

Takk også til Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland landbruksselskap og Samarbeidsrådet i Rogaland for økonomisk støtte.

Artikkelen vil bli oppdatert med bildegalleri frå Gladmatfestivalen.