Det er ikkje alltid lett å vite korleis ein skal få utnytte at riksmedia inntek lokalmiljøet sitt. Som regel veit mediene kva dei skal gjere der dei skal, og moglegheitene til å snike inn litt reklame er begrensa. Det var difor særs spanande å sjå korleis Gjesdal Bondelag valte å gjere det under årets Blinkfestival.

Blinkfestivalen er ikkje berre ei lokal hending, det er ei stund sidan sendingane starta på fjernsyn. Intensiteten i løpet er spesiell, men det er gjerne ikkje så lett for lokale lag å få markert seg. Men, Gjesdal Bondelag visste råd. Dei sette opp banner langs vegen med både informative og humoristiske bodskap. Dei vart lagt merke til og fekk markert viktige saker på ein fin måte. Om ikkje utøverane fekk sett bodskapen, så fekk i alle fall sjåerane med seg kva dei kreative bondelagsfolka hadde sett opp langs vegen.

Det har vore mange fine markeringar frå Rogaland i år. På nettet ligg det mange bilder frå #komhit kampanjen som de kan kikke på. Saman med dette bidraget frå Gjesdal, gjer det at me kan ikkje seie anna enn at me er stolte av måten medlemmene våre har markert landbruket i Rogaland på i sommar!