Etterpå gjekk turen vidare og dei fekk to gardsbesøk. Først var vi på Lommeland hos Thore og Gro Håland. Dette er eit driftig ungt par som driv med ku, sau, gris og mink. Her hadde vi fokus på mink, då det er viktig for oss å få gitt flest mulig eit innblikk i denne produksjonen. Vi håper at mange ser at pelsdyroppdrett er eit ledd i ei større verdikjede og er eit viktig bidrag i det norske landbruket. Bussen gjekk vidare innover bygda og her var vi så heldige at Fylkesleier Ole Andras Byrkjedal lòt våronn vere våronn og tok seg tid til å guide politikarene inn dalen kor bussen enda opp i tunet hans der ein noe overraska avløyser stelte fint med dyra medan Ole Andreas viste fram garden sin. Han fortalde om sin produksjon og korleis han hadde tilpassa produksjonen til harmonere med sine arealressursar. På begge gardane vert viktigheten av beitebruk satt fokus på og det er enormt viktig for bøndene her i Gjesdal.  Vi har mykje kulturbeite her som vi ønsker å ta vare på hvis politikaren vil...

Tusen takk til alle som gjord dette til ein kjekk dag.

Hilsen Marit Epletveit, leiar Gjesdal Bondelag