Finalist til nasjonal bedriftsutviklingspris med "sjitne gulerøde"

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Jone Wiig Gartneri AS er ein av tre finalistar til nasjonal bygdeutviklingspris med sine "Sjitne gulerøde".
Jone Wiig Gartneri AS er ein av tre finalistar til nasjonal bygdeutviklingspris med sine "Sjitne gulerøde".

Gartneriet på Vik i Klepp er nominert til den gjeve bedriftsutviklingsprisen i landbruket saman med Bjertnæs og Hoel AS frå Vestfold og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag.

- Eg var stolt av å få prisen i Rogaland, og nå skal me jammen til Berlin. Det er rett og slett litt uverkeleg, seier ein audmjuk og stolt Jone Wiig.

- Uansett korleis det går i Berlin, så er me stolte av å vera nominerte og tek nominasjonen som ein siger i seg sjølv, legg Wiig til.

Til ei innovativ og berekraftig bedrift

Prisen har vore delt ut av Innovasjon Norge kvart år sidan 1997.  Fyrste steg er å kåra ein vinnar i kvart fylke som mottar 50 000 kroner. Fylkesvinnerane går så vidare til den nasjonale konkurransen der prisen er på 250 000 kroner.

Prisen skal gå til ei verksemd som har etablert ein innovativ og berekraftig bedrift eller næring med basis i bygdas og landbrukets ressursar. Til den nasjonale prisen blir det altså altså plukka ut tre finalistar blant fylkesvinnarane og prisen blir delt ut av landbruksminister Jon Georg Dale under verdas største landbruks- og matmesse Internationale Grühne Woche i Berlin 18. januar 2018.

Fyrste drivhus som 23-åring

Bonden på Vik seier sjølv at han meir eller mindre vaks opp i ei gulrotkasse. Etter gartnarskulen i 1997, bygde han sitt fyrste drivhus. Då var han 23 år. Etter kvart kom Tone Lise og med i drifta. Og dei siste åra har dei drive frilandsproduksjon saman med foreldra. Men i år har dei overtatt alt, både eigedom og jord, så nå er faren hjelpar og dreng.

- Eg har alltid tykt det har vore spanande med planter. Det der å så noko som det blir noko av, det har eg alltid likt, seier han.

Grunngjevinga frå juryen

Dette er juryen si grunngjeving for å gi fylkesprisen i Rogaland til Jone Wiig:

«Jone Wiig er en driver i gartnermiljøet i Rogaland og han jobber utrettelig med ulike deler av miljøet (forskere/ produsenter/kokker/gartnere mfl) for å sikre at de hele tiden strekker seg etter nye mål. Han søker nye veier for å både oppnå biologisk og økonomisk bærekraftig produksjon og er opptatt av produktutvikling. Ellers er Jone en raus person og han og hans team deler på erfaringer og inviterer inn andre for å formidle hva og hvordan de tenker, slik at andre drar nytte av deres kunnskap. Jone har også bidratt til profilering av «Matfylket Rogaland» og han bidrar med innspill og refleksjoner overfor det offentlige i utviklinga av den regionale næringsstrategien. Etter vårt syn Jone Wiig gartneri en meget verdig vinner av BU-pris 2017 og en fantastisk representant for norsk landbruk i nasjonal sammenheng.»

 

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere