-Faglaga må arbeida saman for å hindra dyretragediar

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag, støttar forslaget frå Norsvin om veterinærkrav i svinenæringa.
Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag, støttar forslaget frå Norsvin om veterinærkrav i svinenæringa.

Rogaland bondelag støttar forslag om veterinærkrav i svinenæringa. – Nå må faglaga arbeida saman for å hindra dyretragediar, seier Marit Epletveit.

Etter oppslag om dyretragedier har Norsvin, ved styreleiar Geir Heggheim, gjennom Nationen tatt til orde for å innføra obligatoriske, årlege veterinærbesøk for alle grisebønder. Dette er i dag pålagt havbruks- og fjørfenæringa. Heggheim meiner det må bli eit lovpålagt krav også for svinebønder og at eitt til tre årlege besøk bør vera minimumskrav.

- Dette kan virka forebyggjande og kan også ha ei oppsida for bonden, seier Heggheim til Nationen.

Les saka i Nationen her.

Norge har allereie strengare forskriftskrav enn dei fleste andre landa i Europa når det gjeld blant anna lausdrift, krav om strø og rotemateriale, men landbruket må alltid ha eit sterkt fokus på dyrevelferd.

Har invitert faglaga til diskusjon

Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, støttar fullt ut forslaget frå Norsvin. Rogaland bondelag vil også arbeida for at slike tragediar som nå har blitt avdekka ikkje skal skje igjen.

- Me har allereie invitert aktuelle faglag i fylket for å sjå korleis ein saman kan laga endå betre ordningar for å fanga opp avvik, seier Epletveit.

- Desse sakene er bare triste

Epletveit reagerer på dei tilhøva som Mattilsynet har avdekka.

- Desse sakene er bare triste. Me skal stella godt med dyra våre og følgja regelverket. Det er sterkt beklageleg med brot på dyrevelferdslova, seier bondelagsleiaren, og legg til at det er viktig å ha respekt for arbeidet Mattilsynet gjer.

- Me vil gjera det me kan for at dialogen mellom næringa og Mattilsynet vert best muleg, lovar Epletveit.

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere