Det er eit mål at jakta på dei store rovdyra skal vera effektiv og velorganisert.  Vi set, saman med Rogaland Sau og Geit, fokus på tematikken med å invitere til fagdag.

Vi har fått med Dagh Bakka, som har brei erfaring frå jakt på store rovdyr både i Noreg og i utlandet. Dagh jobbar på Skogkurs og driv med kursutvikling innan utmarksfaga.  I løpet av dagen skal vi innom:

·   Rovdyra ulike arter ulike særpreg

·   Jaktteknikk og organisering av jaktområde for ulike rovviltartar

·   Jaktleiing ved jakt på store rovdyr.

·   Regelverk, kva er lov og kva er ikkje?

·   Lisensjakt og kvotejakt – kva er det og kva betyr det?

·   Ettersøk på dyr som kan ta igjen!

·   Sikkerheit ved store lagsjaktar

Jakta på store rovdyr er vanskelig, og det stiller store krav til gjennomføringa for at ein skal lukkast. Jakta er i tillegg ei jakt som har som utgangspunkt og mål å redusere skade på bufe. Oppgåva til jegerane er slik sett ganske annleis enn jakt på andre artar. Jakta er også fylt med til dels stor oppmerksamheit frå samfunnet elles via mediedekning.

Dette i seg sjølv stiller større krav til bevisstgjering for den enkelte deltakar enn ein kanskje opplever i samband med annan jakt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Rogaland Bondelag og Rogaland Sau og Geit . Samarbeidet har til siktemål å kunne gjere lisens- og kvotejakta meir målretta, effektiv og sikker.

Det blir servert lunsj. Vi ønskjer alle velkommen! Grunna lunsjservering er det påmeldingsfrist – men har du ikkje meldt deg på er det framleis berre å koma, men då kan me ikkje lova deg mat.

Påmelding innan onsdag 30.11.16 til Are Hauge Braaten på tlf. 98664231 eller epost are.h.braaten@bondelaget.no.