Mange av våre medlemmer er hardt pressa økonomisk og vi er nøydt til å få på plass ein god avtale som sikrar næringa framover, derfor vil det i år være lite og ingenting å gje i forhandlingar, hald ho fram med.

Nokon momenter frå kravet:

Inntektsramma for kravet i jordbruksoppgjeret 2021 er på 2.114 millionar kroner. 778 millionar er for å dekke kostnadsvekst. Dette gjer ein inntektsauke på 48.700,-

Kravet vert finansiert av 717 millionar over målprisauke og 1.220 millionar over  budsjett.

Målprisauken er på 0,08,- for mjølk, 1,6,- for svin, 0,35,- for potet, 7% for frukt og grønt, og 0,225 for norsk matkorn.

Sentralt i kravet er eit inntektsløft for dei tri produksjonane med lågast inntekt – sau, ammeku og korn. Det er eitt stort behov for å løfte inntekta i sauenæringa då denne produksjonen har hatt lågast inntektsutvikling i dei siste åra. Sau og ammeku er viktige næringar for Rogaland og for landet, då dei er utmerka for å nytte beiteressursane våre.

For sau vert det blant anna lagt opp til 50,- ekstra per dyr, 5,- auke i generelt beitetilskot, kulturlandskapstilskotet vert auke med 5,- pr daa.

For ammeku vert det blant anna lagt opp til 750,- ekstra per dyr (opp til 40 dyr), 35,- auke i generelt beitetilskot 1,- auke i kvalitetstilskott O og betre, kulturlandskapstilskotet vert auke med 5,- pr daa.

For mjølk vert det lagt opp til ein endring i prisgrunnlaget om vert knyta opp til fett og proteininnhald. Det krevjast og eit kvotetak på 600.000 liter.

For ammeku vert det blant anna lagt opp til 200/164,- ekstra per dyr (varierande sats), 35,- auke i generelt beitetilskot 1,- auke i kvalitetstilskott O og betre, , kulturlandskapstilskotet vert auke med 5,- pr daa.

Nytt for i år er krav til verkemidlar til klima- og miljø tiltak. Det krevjast midlar til å gjennomføre jordbrukets klimaplan, og tiltak som oppretthelder og vidareutviklar norsk matproduksjon framfor å auke import.

For egg vert det krevja ein million i auka fraktutjamningstilskot.

Jordbrukets krav finn du her https://www.bondelaget.no/getfile.php/13993998-1619512359/MMA/Dokumenter/Jordbruksforhandlingene%202021%20-%20Jordbrukets%20krav.pdf