Fylkestinget i Rogaland Fylkeskommune har no hatt sluttbehandling av Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. Det har vore eit arbeid som har føregått over fleire år, og Rogaland Bondelag har delteke i møter og høyringar. Alle kommunar må no setje jordvernmål i tråd med det regionale jordvernmålet, og me er glade for å sjå at jordvernet har vorte styrka i regionalplanen. Takk til alle som har vore med på å styrke jordvernet!

 

Bondelaget har vore bekymra for at Regjeringa skal bytte marknadsadgang for fisk til Storbritannia mot at dei får kvoter på tollfri eksport av jordbruksprodukt til Noreg. Me har allereie store importkvotar hjå EU, og meiner at Britane må få sin del av den kvota i skilsmisseoppgjeret – ikkje nye kvotar i tillegg til det EU har. For me har ikkje nokon kilo produkt å miste! Heldigvis, etter tydelege innspel frå blant anna Bondelaget, har me fått eitt møte med næringsminister Iselin Nybø der bondelagsleiar Lars Petter Bartnes opplever at Regjeringa ikkje koplar fisk og jordbruk, og at det ikkje vil verte ein bytehandel mellom dei to. Det betyr ikkje ein garanti for at britane ikkje får eksportkvoter, men det er eit solid steg i riktig retning. Takk til alle som har stått på for dette! Les meir her