Eg får ofte spørsmål om kva me Bondelaget gjer for bøndene i Rogaland og ikkje minst: Kvifor skal eg vere medlem? Det enkle svaret i dagens krisetider er dette: Du skal vere medlem for du treng oss og me treng deg.

Lat meg ta eit rykande ferskt eksempel på dette. Eit av våre medlemmer fekk på den siste dagen av Mars problemer under ei kalving. Dette plar lett la seg ordne med at dyrlegen kan sitje på med ambulansebåten.  Men, grunna Corona-krisa, var ikkje dette lenger eit alternativ. Så kva gjer ein då? Jo, bonden måtte få dyrlegen over uansett, og måtte difor leige inn ein skyssbåt som kunne ta dyrlegen med. Dette var ein løysning som medførte ein betydeleg meirkostnad for bonden. Bonden var ikkje nøgd og det var sjølvsagt ikkje dyrlegen heller. Denne situasjonen skapte både økonomiske utfordringar for bøndene, men ikkje minst, det kunne få negative konsekvensar for dyrevelferda.

Våre medlemmer er aktive og engasjerte, og det var og dette medlemmet. Kontoret vårt i Rogaland fekk ein telefon om situasjonen og fekk ein grei innføring i problemstillinga. Det vart avtalt at det dette var ei sak som måtte meldes vidare, utan at kontoret kunne lova noko øyeblikkeleg hjelp. Same dagen kom det e-post frå Bondelaget sentralt om at dei trengte innspel dersom nokon vart skadelidande grunna auka kostnader til dyrlege. Dagen etter at medlemmet vårt tok kontakt med kontoret vårt, var ho sett i forbindelse med Noregs Bondelag sin veterinær. Veterinæren tok saka videre, den kom opp som ei av sakene som me fylkesleiarar og landsleiar Lars Petter jobba med. Sundag kveld kom løysninga etter forhandlingar med staten, grensa for kostnadane vert heva til 15 000.

Det tok altså 19 dagar frå vårt medlem ga beskjed, til Lars Petter hadde forhandla fram ein avtale med staten. I løpet av dei 19 dagane har det vore både helger og påske. Dette syner for meg fleire ting.

  • Bondelaget har kort avstand frå medlemmene til toppleiinga.
  • Bondelaget har stor innflytelse på kvardagen til bøndene
  • Bondelaget har engasjerte og dyktige medlemmer
  • Bondelaget har gjennomslagskraft hjå staten
  • Bondelaget skaper meirverdi for medlemmene sine

Kampane er mange, somme vinn me mens andre slit me meir med. Ver likevel ikkje i tvil om at det er mange, meg sjølv inkludert, som jobbar på for at me skal ha eit levedyktig landbruk i Rogaland. Eg trur dei fleste i Noreg  no har innsett kor viktig det er med norsk matproduksjon. Både nasjonalt og lokalt jobbar no Bondelaget for at vilkåra skal vere best mogleg framover.

 Eg håpar du er eit stolt medlem av Rogaland Bondelag, og veit du om nokon som burde vore medlem, spør dei gjerne med. Jo fleire me er, jo sterkare vert me når me skal ut og synleggjere kvifor bøndene i Rogaland har den viktigaste jobben i heile fylket.  

Styreleiar i Rogaland Bondelag

Marit Epletveit