- Denne meldinga er mykje betre enn utgangspunktet, seier ho og viser til at alle marknadsordningane skal bestå. Det same skal avløysarordningane og tidlegpensjonen.

- Eg frykta at mykje skulle forsvinna i ein hestehandel på slutten, men det gjorde det ikkje, seier Epletveit.

Ho trekkjer særleg fram satsinga på utmark, utan at det går på bekostning av innmarksbeite som ikkje kan haustast maskinelt.

- Dette er veldig bra for kulturbeita våre og bra for rogalandsbonden, seier Epletveit.