I år måtte samlinga vere digital av koronaomsyn, men det gjorde at me kunne samle alle lokallagane i eitt møte. Det skadar ikkje organisasjonen at haugalendingane kan utveksle meiningar i same rom som jærbuen, og omvendt.

Innlegga kom frå Sigrun Pettersborg, ny næringspolitisk sjef i Noregs Bondelag og Simen Solbakken frå prosjekt inntektsløft. Artur Salte, jærbuen i Noregs Bondelags styre haldt og innlegg. Hovudtema var prosess for arbeidet med jordbruksforhandlingane, utviklinga i inntekt per no, og korleis ein skal løfte inntekta framover. Det var kommentarar frå forsamlinga, båe skriftleg og munnleg, om blant anna korleis me kan sjå på jordbrukssystemet på ny og at me må skape vår eige handlingsrom. Me står framføre ein uføreseieleg og krevjande tid, og det er viktig å minne om at jordbrukspolitikken ikkje er til for bonden – den er der for å sikre folket mat i båe gode og dårlege tider. Skal me klare det også i framtida må bonden ha ein rettferdig løn å leve av, og like gode arbeidsvilkår som alle andre i landet.