Det var meget godt oppmøte på dagens distriktsmøte på Bryne. Noko av det kan nok skuldast at møtet vart leia av leiaren i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes. Han hadde mange spanande innspel og det var til tider god temperatur i salen. Lars Petter fortalte om kva Bondelaget gjer for dei ulike næringane og kva ansvar han som leiar føler for dei forskjellige. Han følte eit stort ansvar for næringane i Rogaland og ville gjerne ha innspel frå dei forskjellige lokallaga. Det fekk han, ikkje minst frå Søre Hå, som gav han eit innblikk i mjølkenæringa på Jæren. Lars Petter har hatt heile dagen i Rogaland og skal i kveld på møte med svinenæringa.

Veldig stas at Rogaland renn over av engasjerte lokallags-leiarar. Dei har gitt Lars Petter mykje å tenkje på til han skal i forhandlingar med Staten utpå våren.