To gonger i året inviterer Rogaland bondelag til distriktsmøte. Distriktsmøta skal vera ein møteplass for dei ulike lokallaga.

På hausten blir det arrangert tre møte ulike plassar i fylket. Då er temaet organisasjonsarbeid. I januar blir det arrangert to, då med landbrukspolitikk som tema.

Dyrevelferd og landbrukpolitikk

Onsdag kveld var 18 lokallag inviterte til møte i Hillevåg. Tema ein var innom var dyrevelferd, utfordringa ved arkeologiske funn og landbrukspolitikken etter valet.

 Alle lokallaga fekk også koma til ordet og fortelja om sine aktivitetar. Rogaland har mange aktive lag med høgt aktivitetsnivå.

Vil ha fram smilet etter ein tøff sommar

På møtet var det også tid til diskusjonar i mindre grupper. Her vart det drøfta både korleis ein kan få opp organisasjonsgraden i Rogaland, som i dag er på 55 prosent og korleis ein kan nå fram med innspel til politikarane.

Eit gjengåande tema i år har vore vêret. Mange rogalandsbønder har hatt ein svært vanskeleg sommar. På distriktsmøtet onsdag vart det også diskutert korleis ein kan få fram smilet igjen og kva ein som engasjert i lokallaget bør gjera i møtet med bønder som har det vanskeleg.

Tysdag vart det halde distriktsmøte i Aksdal, medan Hillevåg står for tur torsdag kveld.