Frøydis Haugen

Frøydis Haugen, nestleiar i Noregs Bondelag heldt innlegg, der tema for distriktsmøta var jordbruksforhandlingane i 2018, og utfordringane næringa står overfor i det kommande året. Korleis løyser me overproduksjon av lam, manglande marknadsbalanse i svin og ein ammekuproduksjon som veks samtidig som mjølkeproduksjonen må ned som følgje av utfasing av eksportstøtta til Jarlsberg? Diskusjonen var frisk, der alle synspunkta kom til ordet- om for eksempel endra prisløype på lam, endring av arealtilskot, tak på tilskot på dyr og/eller areal, med meikre. Alle var einige om at målet må vere marknadsbalanse i alle produksjonane som me har i Noreg, og at me skal levere norske produkt til forbrukaren. Klarar me ikkje det, blir forsøk på løysingar og import tredd ned over oss.

4H-Gard

Kristin Haanshuus frå 4H heldt innlegg om prosjektet «4H-gard». I dag er det 50 4H-gardar i Noreg, men berre ein av desse er i Rogaland. Ho håpar å få på plass minst to nye 4H-gardar i Rogaland i løpet av 2018. Er du interessert? Ein 4H-gard er ein gard som opnar for besøk og formidling. Likar du å ha aktivitet på garden og ønskjer å gi andre kunnskap og fine opplevingar om landbruk, mat og dyr? Sjekk ut www.4H.no for meir info.