Jernbanestrekninga som går igjennom Lund, Eigersund og Hå kommunar utgjer eit verstingområde for dyrepåkøyringar. Her blir det påkøyrd fleire dyr årleg, både sau, storfe, samt hundar som følgje av låg kvalitet på gjerdene. Bondelaget har teke initiativ til å møte Bane NOR for å komme til ein betre eining om korleis vere gode naboar. Meir informasjon vil kome.

Bente Gro Slettebø, styremedlem i Rogaland Bondelag og Kristian Ollestad frå  Lund Bondelag deltok frå bondelaget.