Lemminga er i gong for mange og snart er våronna i full sving. Med ei verd i krise er det ekstremt viktig at me klarer å halde mann og kvinnskapet friske! Me vil difor gje nokre ekstra tips, i tillegg til dei du finn hjå FHI

1. Unngå lammelunsjer og samlingar som ein normalt held under lemminga. Større forsamlingar smittar lettare, dette       kan me som arbeidar i landbruket.

2. Unngå samlingsstader som til dømes butikkar. Det er viktig å samlast for ein god drøs og kaffe under lemminga men no oppmodar me til å avvente til helsemyndighetene seier at me kan samlast igjen. Slike samlingsstader er slik som omstendighetene er no, ikkje å anbefale. Hugs kor mange besettningar som kan vere samla rundt eit slikt bord, følgene av ein smittesituasjon vil vere lite hyggeleg.

3. Bruk sosiale medier aktivt. Det er viktig å dele erfaringar og høyre korleis det går med naboen. Dette er uvanlege og urolege tider. Bruk av Snapchat, Facebook og Instagram kan vere både nyttige og oppkvikkande.

Det er lov å håpe at restriksjonane i samfunnet snart vil lette, men fram til då må me halde fokus på smittevern. Det handler ikkje berre om oss, det handlar om sikkerheiten til landet vårt.