Det vart ein meget kjekk dag saman med elevar frå kokkelinja hjå Karmsund videregående skole, Jåttå Videregående Skole og Bryne vidaregåande skule! Saman med Kokkemesterlauget tok me dei med til tre ulike produsentar og fekk synt dei noko av bredden hjå bøndene i Rogaland. Kolbjørn Anda fortalte om produksjonen sin av økologisk mjølk, og kva som var viktig for han som bonde. Torleif Todnem tok oss med på ei reise i lukt og smak, i gartneriet på Randaberg. Ola Sunde synte seg som ein fantastisk formidlar då han fekk elevane til å hauste både gulerøter og tomater i gartneriet hans. Me avslutta dagen med ein festmiddag som elevane ordna for oss. Til slutt, ein stor takk til Frode Selvaag frå Ryfylkekokken og Rasmus Vignes frå Finnøy Buss for heltemodig innsats i strålande haustsol