Bonding med bønder

Av Oddvar Vignes,
  • Tips en venn om denne siden

Rogaland Bondelag og Kokkemesterlauget i Rogaland tok med seg kokkeelevar må tur til bønder i Rogaland.

Det vart ein meget kjekk dag saman med elevar frå kokkelinja hjå Karmsund videregående skole, Jåttå Videregående Skole og Bryne vidaregåande skule! Saman med Kokkemesterlauget tok me dei med til tre ulike produsentar og fekk synt dei noko av bredden hjå bøndene i Rogaland. Kolbjørn Anda fortalte om produksjonen sin av økologisk mjølk, og kva som var viktig for han som bonde. Torleif Todnem tok oss med på ei reise i lukt og smak, i gartneriet på Randaberg. Ola Sunde synte seg som ein fantastisk formidlar då han fekk elevane til å hauste både gulerøter og tomater i gartneriet hans. Me avslutta dagen med ein festmiddag som elevane ordna for oss. Til slutt, ein stor takk til Frode Selvaag frå Ryfylkekokken og Rasmus Vignes frå Finnøy Buss for heltemodig innsats i strålande haustsol

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Jærbonden tener mindre enn andre bønder i Rogaland

Dette kjem fram i ein rapport som NIBIO la fram i dag. Inntekta til bøndene på Jæren låg mest 30 000 under kva ein fekk i resten av Rogaland. Rapporten forklarar tala med mellom anna vanskelege fôrår i 2017 og 2018.

Ufatteleg trist

Dette seier styreleiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, om den endelege forskrifta om erstatning for pelsdyrbøndene.

Det er mykje kjekt å ta seg til under Agrovisjon til helga.

gjeitefjøs

Styretur til Suldal

Rogaland er eit variert og mangfaldig fylke, så styret og dei tilsette i Rogaland Bondelag har godt av å sjå andre forhold og produksjonar enn dei som ein er vant med sjølv.

Tine for Time

Om lag 50 engasjerte menneske møtte opp på Hognestad Klubbhus då Time Bondelag og Tine produsentlag inviterte til Bondecafè.

Kontoret held stengt torsdag 12.09

Grunna kurs for dei ansatte er det ingen tilstade på kontoret i dag. Me stiller oppglødde og fulle av ny kunnskap på kontoret i morgon tidleg.

Våre samarbeidspartnere