Bondens marked har blitt etterlyst i Rogaland og nå blir markedet ein realitet. I samarbeid med Stavanger sentrum blir det arrangert Bondens marked i samband med Haustmarken 21. oktober.

Fleire interesserte melde seg på eit infomøte 29. august, men markedet treng fleire produsentar med på laget.

Har du nokre gulrøter til overs, ein liten osteproduksjon, kjøttvarer, bær, bakst, honning eller noko anna du kunne tenkja deg å stilla med, så bli med.

Interesserte kan ta kontakt på anita@bondensmarked.no, eller på tlf 98 84 94 55.

Kva er bondens marked?

Konseptet vart etablert i Noreg i 2003, etter modell frå det internasjonale konseptet Farmers Market. «Bondens marked» er eit  beskytta merke, eigd og kontrollert av Stiftelsen Bondens marked Norge.

På Bondens marked kan du få kjøpt mat direkte frå produsenten. Produkta varierer gjennom sesongen og også frå marknad til marknad.

Stiftarane bak Bondens marked Norge er Norsk Landbrukssamvirke, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Hanen og Oikos – Økologisk Norge.