Bøndene har i dag vist misnøye med staten sitt forslag i landbruksforhandlingane. Partane vart ikkje einige og tysdag vart det brot i forhandlingane. Nå blir det opp til Stortinget å avgjera utfallet av årets jordbruksoppgjer.

Væpna med tromler trilla bøndene manns- og traktorsterke forbi Sandnes rådhus torsdag morgon. Rundballar med klart bodskap var allereie på plass, både utanfor rådhuset og andre plassar i Sandnes sentrum.

I Stavanger fronta Alexander Kielland landbruket si sak. Han fekk raskt følgje av rustne menn og andre statuar, som for høvet vart dressa opp i bonde-t-skjorter.

I Lund var det grunnleggjaren av Nor-Dan Johs Rasmussen som vart bonde.

Det har også pågått ein butikkaksjon i dag, der bønder har klistra på klistremerker på norskprodusert mat.

Klistremerka har teksten: "La oss lage maten din! Velg norsk mat og bidra til levende bygder, åpent landskap, arbeidsplasser og god dyrehelse."

Norges bondelag vil løfta heile landbruket, og særleg satse på dei små og mellomstore gardane. Tilbodet frå regjeringa svarte ikkje på Stortinget sitt vedtak om å redusera inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Bondelaget kan ikkje skriva under på ein jordbruksavtale som bidrar til å svekka norsk matproduksjon. Derfor vart det brot i årets jordbruksforhandlingar.