På måndag besøkte landbruks- og matminister Sylvi Listhaug familien Edland som driv gard i Gjesdal. Familien kritiserte Bondelaget for å ikkje ønska seg store bruk.

Treng store bønder

Marit Epletveit, leiar av Bondelaget i Gjesdal, ville gjerne hatt Edland-familien med på laget.

– Det er synd at dei ikkje vel å stå samla. Bondelaget jobbar for saker som er viktige for dei også. Me kjempar mellom anna for tollvernet og velferdsordningar. Bondelaget skal ha plass til både store og små. Me treng gardar som produserer mykje, men også dei små som held landskapa opne og bygdene i live.

Ho har ikkje noko imot at nokon veks seg store.

– Men det kan gå ut over dei små dersom overføringane frå staten blir snudde slik at det ikkje blir lønsamt å driva mindre bruk. Politiske signal gjer at me er bekymra for dette.

Garden til Edland på Prestholen har føresetnadar som gjer at det mogleg å driva stort.

– Det er det ikkje alle bønder som har høve til. For at det skal vera eit familiebruk, må ein ha stor nok familie som kan jobba der. Topografien set også grenser for mange.

 

Andre faktorar enn Listhaug

Seinare på kvelden deltok Listhaug på eit stormøte på Varhaug. Epletveit var tilstades.

– Ministeren sa at alle piler peiker oppover. Men at ho skal ta æra for optimismen som er i landbruket, er å ta litt hardt i, seier Marit Epletveit, leiar av Bondelaget i Gjesdal, som var på møtet. Me har ei låg rente, og når oljenæringa går dårlegare, blir fleire verande i bondeyrket. Inntektene bøndene fekk i fjor, var grunna i jordbruksoppgjeret frå 2013, og det var det ikkje Listhaug som stod for. Dessutan var 2013 eit elendig år på grunn av vêret, så oppgangen i 2014 var ikkje dramatisk, seier Epletveit.

Det einaste Epletveit vil rosa statsråden for, er at ho har fått landbruket på dagsordenen.

– Det er nok ikkje dumt å sjå ting med nye auge. Men dei konkrete endringane ho har gjort, har ikkje vore til det betre. Ho kunne godt lytta meir til høyringsuttalingane ho får frå faglaga, i staden for å lytta til einskilde bønder. Det blir populærpolitikk.

Tekst og bilete henta frå Gjesdalbuen.