Tysdag 16. mai vart det brot i jordbruksforhandlingane.

- Regjeringa viser inga vilje til å satsea på landbruket, og følgjer ikkje opp Stortinget sin landbrukspolitikk.  Me kan ikkje skriva under på ein jordbruksavtale som bidrar til å svekka norsk matproduksjon, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges bondelag.

Få timar etter brotet samla bønder i Bjerkreim seg ved Bjerkreim kommunehus.

- Dei rundt 30 som møtte på markeringa av brudd var einige i at det var eit ufattelig tilbud staten hadde lagt på bordet. Ingen hadde problem med å forstå brotet, seier leiar i Bjerkreim bondelag, Bente Gro Milwertz Slettebø.

Ho viser til at dei bøndene i Bjerkreim som har rekna på korleis staten sitt forslag vil slå ut for dei, alle går ned mellom 32000 og 67000 kroner i inntekt.

- Grunnen er massiv nedgang på innmarksbeite og arealtilskot på grunn av sonen me er i. Kraftfôrprisen utgjer mykje, seier Milwertz Slettebø.

Bøndene tok hatten av for landbruket og la capsar ned ved kommunehuset for å symbolisera alle dei som har sitt levebrød i landbruket i kommunen.

- Å redusera inntektsgapet mellom bønder og andre grupper er ikkje mogleg med dette tilbodet. Nå må Stortinget ta ansvar, er den klare talen frå bjerkreimsbøndene.

Dei er klare for fleire aksjonar.

- Men i morgon feirar med 17. mai og Norge, slår Milwertz Slettebø fast.