Norsk landbrukssamvirke opplyser at Olav Røysland er nominert på grunn av si innovative satsing på nye løysingar for ressursutnytting og klimasmart produksjon.

 

Biogass

Røysland har to biogassanlegg på eigen gard. Desse omdannar gjødsel til energirik biogass til bruk på tanken eller energi. Røysland har i tillegg intensjonsavtale med teknologiselskapa Agri-e, som har utvikla eit system for å omdanna biogass til blant anna straum og varme, og N2 Applied, som arbeider med klimavenleg gjødsel.

- Innovasjon er viktig for eit konkurransedyktig norsk landbruk. For at me skal nå måla om å bli eit fornybart samfunn må me våga å satsa på nye idèar. Med innovasjonsprisen heidrar me dei som vågar å satsa på noko nytt, seier administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Ola Hedstein.

 

- Uventa

- Det var veldig morosamt og uventa å bli nominert til innovasjonsprisen. Verda går ikkje framover av seg sjølv, og derfor er det viktig at me i landbruket driv med innovasjon, sa Røysland på seminaret der nomiasjonen vart avslørt

- Eg tykkjer det er både spanande og nyttig å finna nye løysingar i drifta, la bonden til.  

Prisen blir delt ut for fjerde gong og vinnaren vil bli kåra på Mat- og Landbruks-konferansen i januar.

 

Tre nominerte

Det er til saman tre nominerte til Innovasjonsprisen 2018. Dei andre nominerte er NoFence for utviklinga av virtuelle gjerder for beitedyr på utmarksbeiter og Soil Stream International for utvikling av ein nyskapande maskin som brukar vassdamp som alternativ til kjemikaliar for å reinsa jordbruksjord for sopp, ugras og nematoder.