RANDABERG. - Det er heilt sinnssjukt. Heile tilskotet frå staten går rett ut igjen til kvoteleige, seier Kjetil Nilsen. (Les heile artikkelen på Nationen her)

Kjetil Nilsen har bygd nytt lausdriftsfjøs, med 50 mjølkekyr, og plass til 10 meir. Han har ein produksjon på 440.000 liter, og avhengig av å leie ein kvote på 285.000 liter. Sidan han bygde for seks år sidan, har leigeprisane gått opp frå 50 øre literen til 1,50 kroner. Og dei fortsett å stige. Høge leigeprisar tek ut overskotet frå drifta, og alle tiltak som kan gje lågare prisar må prøvast ut. Å kjøpe kvote er ikkje lett å få til heller, med ein pris på 15 kroner literen. Så mange millionar meir i lån vil nok ikkje banken gje meg, seier Nilsen.

– Ei tidsavgrensing på utleige på til dømes fem år kunne vore greitt. Det ville ført til at fleire kvotar kom for sal og ein kunne håpe på at prisane ville gå ned. Eg har òg sansen for forslaget om at bønder får behalde det dei har produsert dei tre siste åra, og at Tine heller regulerer ned forholdstalet når det er for mykje mjølk. Det var slik det blei gjort då kvotane blei innført, seier Nilsen.