Bjerkreim Bondelag er årets lokallag, og Lund Bondelag årets vervelag

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Bjerkreim Bondelag brenn bål i forbindelse med jordbruksmeldinga i 2017.

Me gratulera Bjerkreim og Lund med det gode arbeidet i 2017!

Bjerkreim Bondelag har vore aktive og teke initiativ til fleire møte og arrangement, både sosiale, faglege og politiske. Aktivitetane har vore både retta for medlemmar og ut mot publikum. Blant aktivitetane er det arrangert landbruksspelet for 10. klasse, julebad, slåttafest, politisk stormøte i forbindelse med stortingsvalet, fire bondekafear, medlemsmøte, julebord, damenes aften, bowlingkveld, inspirasjonsmøte om mjølk og ammeku, og open gard.

Laget har deltatt aktivt på Rogaland Bondelags og Norges Bondelags arrangement, som bålbrenning i forbindelse med behandling av jordbruksmeldinga, aksjonar i forbindelse med brotet, og distriktsmøte.

Bjerkreim Bondelag har samarbeida med fleire aktørar i andre arrangement, som å bidra til Marknadsdag på Kløgetvedttunet, kurs i varme arbeid, infomøte om VLJ, samarbeid med Bjerkreim Bygdeungdomslag, dugnadsarbeid på Bonden på Gladmat, og dei arrangerte tur til Tyrol saman med Gjesdal.

Med bakgrunn i alle disse aktivitetane, og den formidable innsatsen lokallaget har bidratt med i heile 2017, er dei vel fortent å bli årets lokallag i Rogland!

Lund Bondelag - størst vekst i prosent

Lund Bondelag, med sine 83 medlemmar endte året med 100 medlemmar, og kunne med det sende 2 delegatar til årsmøte i Rogaland Bondelag. Laget hadde desidert størst vekst i prosent, og verva nesten like mange medlemmar som dei største laga, som har mellom 350 og 550 medlemmar. Lund Bondelag har arbeida godt med verving heile året, har deltatt på vervekurs, og har vore eit aktivt lag. Premien er 10 000,- som kan nyttast til medlemsarrangement.

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere