Bjarne har vore fylkesleiar i Rogaland Bondelag frå 1999-2002, og var leiar av Noregs Bondelag frå 2002-2008. I hans tid som leiar var WTO-saka høgt på dagsorden, med marsjen til Genève i 2005 som eitt høgdepunkt. I disse dagar er han mest aktuell som folkevald i Time kommune og gjeste-skribent i Nationen.

Og kva tenkjer mannen sjølv om æresmedlemsskapet?

- Det ligg jo i namnet at det er ei æra å verte æresmedlem. Me menneskje er jo bygd slik at me bæra mykje ros. Erfaringane og lærdomene frå Bondelaget er noko eg har tatt med meg vidare. Eg sitt på mange gode minne og bekjentskap. Eg har fått møte gardbrukarar frå Finnmark til Agder og i alle produksjonar. Alle dei gode folka eg har fått blitt kjende med er nok det som har gitt meg mest i leiarvervet. WTO-marsjen til Genève er eitt anna særleg godt minne. Det var ein enormt stor jobb for organisasjonen med mykje logistikk, men me klarte det med glans, minnast Bjarne Undheim.

Gratulerer Bjarne!