Hovudgrunnen for besøket er landbruksmøtet på Varhaug måndag kveld, men resten av dagen vart brukt til besøk hjå gardbrukarar i fylket og møte med Rogaland bondelag.

Tema for stormøtet på Varhaug er: «Matproduksjon og nydyrking/nybygging i konflikt med naturmangflad og kulturminner».

Fekk arkeologi-rekning på 700.000 kroner

Fyrst på programmet stod derfor besøk hjå gardbrukarparet Vegard Voll og Anna Rimestad Orre. Dei har nemleg fått god kjennskap til den økonomiske sida av arkeologiske utgravingar. .

Paret ville byggja nytt fjos på garden på Håland i Sola kommune, men ei rekning på 700.000 kroner for arkeologiske undersøkinga stoppa prosjektet. Paret har klaga saka inn til Riksantikvaren og ventar på svar på om dei får dekka kostanden til undersøkingane, eller om dei må betala rekninga sjølv.

I dag stiller staten opp økonomisk viss rekninga passerer 10 % av den totale byggjekostnaden. Men for enkeltbønder kan ei ekstrakostnad på 700.000, velta heile prosjektet. Derfor meiner bondelaget at det er viktig at staten går inn og dekker meir i slike situasjonen som Sola-paret har koma opp i.

Solabøndene vart også intervjua av NRK om utfordringane dei har møtt.

Vidare gjekk turen til Vik i Klepp og eit fellesmøte med styret i Rogaland bondelag og fleire aktørar frå rogalandslandbruket. Bartnes fekk også ei omvising i veksthusa til Jone Wiig og ei innføring i dyrking av agurk.

Kl 19.00 i kveld er både Lars Petter Bartnes og landbruksminister Jon Georg Dale på plass i Varhaughallen og det årlege landbruksmøtet der hundrevis av bønder og andre landbruksinteresserte møter opp for å høyra innlegg og delta i diskusjonen.