Denne gjennomføringa var sjølvsagt som følgje av koronaviruset, og erstatta årsmøte i Haugesund. Stemmene vart gitt via questback direktesendt til delegatanes mobil.

Alle sakane - årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og budsjett vart godkjende av det digitale årsmøte.

Marit Epletveit frå Gjesdal Bondelag vart attvalt som fylkesleiar i Rogaland Bondelag, og Ole Martin Eikeland frå Suldal Bondelag som nestleiar. Marit vart vald som leiar for fyrste gong i 2017, og Ole Martin i 2019.

Bente Gro M. Slettebø frå Bjerkreim Bondelag og May Britt Lode frå Nærbø Bondelagvar attvalt som styremedlemmar. Det same var 1. vara Jon Tore Refve frå Bore Bondelag. Gunleif Haukelid Forsand Bondelag gjekk opp til 2. vara, og Erik Øvrebø frå Bokn Bondelag vart ny 3. vara.

Gratulerer til alle dei attvalde og nye 3. vara Erik Øvrebø.

Me takker Ingvild Luteberget Nesheim frå Vats Bondelag for tida som 2. vara.