Det har skjedd noko i Rogaland dei siste vekene. Sjølv om ein har høyrt snakk om biogass i mange år, verkar det som det no hender mykje. Fleire av lokallaga våre har hatt møter og ulike aktørar har invitert til samlingar. Når ting går fort og spørsmåla er mange kan det vere greitt å ta ein pust i bakken. Me har samla nokre av lokallagsleiarane og styremedlemmer som har jobba med biogass for å høyre på erfaringane deira. I tillegg vil me kjapt gå gjennom nokre råd frå Noregs Bondelag når det gjeld kontraktsskriving. Vel møtt!

Program:

12.00 Styreleiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft

12.10: Jon Helgeland Qvale, leiar Karmøy Bondelag. Jon har erfaringar frå levering til biogassanlegg på Stord, og har klare tankar om kva ein bør tenkje på før ein inngår avtalar.

12.25: Håkon Varhaug, leiar i Varhaug Bondelag. På Jæren har det skjedd mykje dei siste vekene. Kva tenkjer bøndene om dei nye selskapa som er komne på banen, og kva er erfaringane frå Danmark, sett med bøndenes sitt perspektiv?

12.45: Jakob Eskeland, styremedlem i Rogaland Bondelag. Er ein av fleire bønder som har organisert seg i eit AS og kjøpt seg inn på eigarsida i biogass. Kvifor?

13.00: Oddvar Vignes, kontoret. Dette bør ein tenkje på før ein signerer

13.05: Spørsmål

Lenkje til Teamsmøtet får du ved å sende ein epost til oddvar.vignes@bondelaget.no