Årets lokallag 2021 - Sandnes Bondelag

Årets lokallag har utmerka seg med mange år med godt arbeid. Dei er eitt ypparleg kvardagsbondelag som tek vare på sine medlemmar og drifter organisasjon, dei er ein politisk organisasjon som følger opp viktige sakar for bøndene i sitt område, og er ein kamporganisasjon som bidreg med å løfte bondelagets og bondens sakar i form av aksjonar og mediarbeid.  

Laget har godt med medlemmar og aktivitetar i eigen regi, som gjer at ein del av kvardagsaktivitetane kanskje ikkje er så synlege for andre. 2021 var prega av corona, men innimellom nedstengingane har dei klart å ha aktivitetar som ope møte med over 40 deltakarar, studiering, møter med næringsavdelingen og årlege møter med landbruksavdelingen, delteke på møter om næringsstrategi for skognæringa, inngått samarbeid med kommunen om informasjon til skulene om korleis dei kan bruke innmark på ein lur måte.  

Dei har hatt fleire fysiske og digitale møter med stortingspolitikarar om jordvernutfordringane knyta til regionale samferdselsprosjekt dei vert råka av.  

Laget har eitt eiga jordvernutval, som har vore aktiv med å gje høyringssvar, fått sakar i media og satt opp banner langs vegen. 

Dei har bidrege til Statsforvaltarens prosjekt om viper. 

Lokallaget har engasjert seg for bondens inntekt på fleire plan. Medlemmar i laget har sendt inn sakar til lokallagsårsmøte for debatt og vedtak. Styreleiar og styremedlemmane har løfta saka inn i sosiale medier og stilt opp for mediene. Engasjementet har vore med båe bondelagshatt og i privat regi. 

 

Årets lokallag ble Sandnes Bondelag. På bilde: Sven Martin Håland, leder i Sandnes Bondelag

 

Årets vervelag- Strand Bondelag 

Årets vervelag i 2021 hadde ein nettovekst på 28 medlemmar, som utgjorde heile 20,8% vekst! 

Noregs Bondelag avslørte sjølvsagt kven som vann deira vervekonkurranse, og det gjorde dei sjølvsagt i Rogaland Bondelag og.  

 

Årets vervar- Reinert Idsø 

Årets vervar verva heile 21 medlemmar, er lokallagsleiar i Strand Bondelag, Reinert Idsø!