Dårleg gjerdehald langs jernbanen er ei kjend utfordring for mange bønder med eigedom langs jernbanen i Noreg. Som i Dalane, der det blir drepne fleire dyr av jernbanen kvart år, som følgje av at gjerdene er gamle og forfalne.

 -Det kan virke som om Bane NOR spekulerer i at det er billegare å erstatte ihelkøyrde dyr enn det er å sette opp skikkelege gjerder, seier bonde Kristian Ollestad til Aftenbladet (les heile artikkelen i Aftenbladet her).

Bane NOR meiner derimot at dei har rimeleg god kontroll langs strekningen, og at det er grunneigar som har gjerdeplikt.

Gjerdehald er avhengig av lokale avtalar, som gjerne er inngått for lenge sidan. For å få eit innblikk i kven som har gjerdeplikt langs jernbanen i Dalane, tok nestleiar i Rogaland Bondelag Kjell Andreas Heskestad og rådgjevar Are Hauge Braaten turen til statsarkivet, for å granske originalavtalane. Dokumenta frå 1898 er handskrivne og med gamalt språk, så det gjenstår framleis ein god del lesing og teksttyding. Forhåpentlegvis vil dei bidra til å gi ein avklaring om kven som har ansvaret for gjerdehaldet.